Frå meieriteknikar til administrasjonskoordinator
Oddrun er 50 år og bur i Sogn. Ho har nyleg fullført regnskapskonsulentutdanninga og er klar for nye utfordringar i arbeidslivet. Med ein bakgrunn som spenner frå meieriteknikar til produksjonsleiar, har ho no funne si veg innan rekneskap og lønn.
Tekst: Fatima YusufFoto: Privat
Etter mange år som produksjonsleiar følte Oddrun Time at tida var inne for ei forandring.
– Eg er utdanna meieriteknikar og jobba i 28 år som produksjonsleiar. Etter kvart kom eg til eit punkt der eg tenkte, viss eg skal gjere noko nytt, må eg gjere det no, fortel Oddrun.
Med erfaring frå produksjon og administrasjon, men utan utdjupa formell kompetanse innan rekneskap og lønn, bestemte ho seg for å byggje vidare på det ho allereie kunne. – Eg ville lære meir og få dokumentert kompetanse både innanfor lønn og rekneskap, og såg at regnskapskonsulentutdanninga frå Folkeuniversitetets Fagskole dekte begge delar, seier ho.
Fleksibilitet og tilrettelegging
For Oddrun var fleksibilitet avgjerande når ho skulle velje utdanning.
– Det var viktig for meg at utdanninga lot seg kombinere med jobb og familie. Folkeuniversitetet var genialt fordi dei tilbydde digital undervisning utan fysisk oppmøteplikt, forklarar ho.
Utdanninga tillot henne og fleire av hennar medstudentar å velje om dei ville følgje samlingane på dagtid eller kveldstid, avhengig av arbeidsturnus eller familiesituasjon.
– Vi hadde faste samlingar med tett oppfølging frå lærarane, noko som gjorde det enklare å følgje progresjonen enn å gjere alt aleine, fortel Oddrun.
Ny jobb medan hun var student
Oddrun var i ein situasjon der ho fekk tilbod om omstilling og valde å takke ja til dette for å finne nye utfordringar. Utdanninga i rekneskap viste seg å vere ein nøkkel til suksess for nye, spennande utfordringar.
– Eg fekk jobben som administrasjonskoordinator før eg var ferdig med utdanninga. Denne jobben hadde eg ikkje fått utan å ha starta på studia, seier ho.
I sin nye rolle har Oddrun hatt moglegheit til å forme stillinga etter eiga kunnskap og erfaring.
– Eg har brukt mykje av det eg lærte under studietida i jobben. Studia var praktisk retta, og det har vore lett å overføre kunnskapen til min arbeidsplass, forklarar ho.
Tilbake til skulebenken
Oddrun hadde nesten ikkje studert på mange år før ho byrja på regnskapskonsulentutdanninga.
– Det var ei barriere å sette seg på skulebenken igjen, men strukturen og oppfølginga frå lærarane gjorde det overkomeleg. Det var tydelege forventningar til oss studentar, og vi fekk klare planar for kva vi skulle førebu oss til mellom kvar samling , seier ho.
Oddrun er entusiastisk overfor utdanninga og anbefaler ho sterkt til andre.
– Eg hadde ikkje vore i tvil, dette er kjempebra, berre å køyre på viss du er villig til å sette av tid. Er du motivert, går det heilt fint, oppfordrar ho.
Med sin nye kompetanse innan rekneskap og administrasjon, ser Oddrun fram til å halde fram å utvikle seg vidare. Ho er eit inspirerande døme på korleis vidareutdanning kan opne nye dører og gje nye moglegheiter i arbeidslivet.
– Lærarane er trygge på å undervise på nett og er veldig til stades. Det er ei veldig god oppleving, avsluttar ho.
Regnskapskonsulent
Denne utdanningen gir deg den nødvendige teoretiske kunnskapen og de praktiske ferdighetene som kreves for å bli en sentral ressurs i enhver bedrifts økonomi- og regnskapsavdeling. Utdanningen vil ruste deg med ferdighetene som trengs for å føre regnskap fra start til slutt, inkludert lønnskjøringer, terminavstemminger, enkel skatteberegning og nøkkeltallsanalyse. Det blir også lagt vekt på din evne til å anvende IT-baserte systemer for regnskap, lønn og årsavslutning, samt å delta i digitaliseringsprosjekter. Du kan søke om studieplass via Samordna opptak. Søknadsperioden for hovedopptaket er fra 1. februar til 15. april. Dersom det er ledige studieplasser etter hovedopptaket, vil det være mulig å søke på det fra slutten av mai til begynnelsen av september. Studieoppstart er i begynnelsen av september.