Folkeuniversitetets blogg

Fulle klassar lokalt i Hallingdal og Nordfjord.

Dei to siste helgene har universitetsstudiet Arbeids- og organisasjonspsykologi starta opp med fulle klassar både på Gol og Nordfjordeid. Dette skjer etter tett samarbeid mellom Folkeuniversitetet og kommunane i Nordfjord og Hallingdal.

– Det er eit gullkanta tilbod å få eit slikt universitetsstudium lokalt. Det gjer at det er lågare terskel for tilsette i kommunen å delta på studiet, seier helse- og velferdssjef i Gloppen kommune, Gunnhild Gimmestad.

Ho gjer all ære til Senior bedriftsrådgjevar ved Folkeuniversitetet, Reidar Brandsberg, som tok seg tid til å møte kommunen og gav god informasjon om tilbodet til Folkeuniversitetet lokalt. Det at det var ein tydeleg plan for når det skulle vere samlingar og kva som er tema for kvar gong, gjorde til at det vart lettare for kommunen å snu seg rundt og bli med på studiet. I tillegg er det gode lærekrefter med lang erfaring som er forelesarar, noko som og er viktig.

Tema på studiet er aktuelle for fleire av problemstillingane kommunen står ovanfor. Særleg utfordringar i høve leiing i ein travel kvardag, er noko ho håpar å få nyttig kunnskap om. Gimmestad fortel at kommunesektoren har behov for kompetansepåfyll på fleire nivå, både fagutdanningar, behov for norsk opplæring og vidareutdanningar for leiarar. Ho tenker òg at det kunne ha vore nyttig med hjelp til kartlegging av kompetansebehov. Dette manglar det kanskje oversikt over rundt omkring. Det kan vere vanskeleg å få tid til slik kartlegging i ein travel kvardag, der det nesten alltid er lite tid og ein må prioritere drift av tenesteområda til kommunen.

Reidar Brandsberg seier at det er viktig å få til interkommunalt samarbeid og god dialog både med kommunar og lokale bedrifter, for det er dei som veit kor “skoen trykker”.
Når behovet er avdekka, vil ein kunne tilpasse opplæringstilboda, slik at er det mogleg å levere relevante kurs. Difor er det å reise rundt og besøke kommunar som Gloppen, Gol og Stad, noko Folkeuniversitetet prioriterer høgt. Skal ein setje i gong slike tiltak tek det lang tid å forankre det og som opplæringsaktør må ein må ha god dialog og nær relasjon til kommuneleiinga.

Les mer om våre tilbud innen høyere utdanning her

07.09.2022