LOG525 Kvalitetsleiing og LEAN 7,5 STP i Florø (Kurset er utgått)

Kursnummer:77813
Pris:Pris: 10.500,- inkl. eksamensavgift
Undervisningstimer:30
Planlagt oppstart:15.03.2012
Kursdager:Torsdag, Lørdag
Tidspunkt:1800 - 2100
Antall samlinger:6
Kurssted:Florø (Florø, Sogn og Fjordane)
Studiepoeng:8
 

Informasjon

Det vert sett opp ein 4 timar skriftleg slutteksamen, med bokstavkarakter frå A-F, der A er beste karakter, og F er lågaste karakter.
For mer informasjon - last ned brosjyren.


Mål for kurset

LOG525 Kvalitetsledelse og LEAN
Studiet er utarbeidd for dei som til dagleg arbeider med, eller som ynskjer å arbeide med logistikk og petroliumsrelaterte fag.
Faget er eit av 8 delfag á 7,5 STP som inngår i fagkretsen "Årsstudium i Petroliumslogistikk 60 STP".
Ein kan studere LOG 525 utan å ha vore deltakarar på andre modular.

Målgruppe for kurset

Studiet er utarbeidd for dei som til dagleg arbeider med, eller som ynskjer å arbeide med logistikk og petroliumsrelaterte fag.

Forkunnskap

Studiet krev ikkje andre forkunnskapar enn interesse for fagområdet, men for å ta eksamen må ein ha generell studiekompetanse eller dokumentert realkompetanse etter 5/25 regelen. (Du må ha jobba i over 5 år og vere over 25 år gamal)
Det er ikkje krav om å ha delteke på dei andre modulane i studiet.


Eksamen

Det er ikkje krav om eksamen, men det vert sett opp ein 4 timar skriftleg slutteksamen.

Det tas forbehold om

  • Endringer i kursbeskrivelsen (og litteraturlisten).
  • Feil i opplysningene som er gitt.
  • At kurset får tilstrekkelig antall deltakere.
  • Ledig plass på kurset.
 

Innhold

Kurset vil gje ei innføring i dei viktigaste prinsippa i Totalkvalitetsleiing (TQM) og LEAN. Totalkvalitetsleiing og LEAN er filosofiar med dertil høyrande grunnprinsipp, modellar og verktøy. Innføring av filosofien krev grunnleggjande kultur- og organisasjonsendringar. Sentrale element i kurset er då kva endringar det vert krav om og korleis ein kan gjennomføre dei. Totalkvalitetsleiing og LEAN er sentrale element i organisasjonar som ynskjer kontinuerlige forbetringar.
I studiet vil og andre endringsmodellar med utgangspunkt i verdikjedeanalyse og forståing bli gjennomgått. Til dømes vil Buisiness Process Reengineering (BPR) bli gjennomgått.

Eit levedyktig og effektivt næringsliv avheng av at dei produkt og tenester som vert tilbode har forutsigbart innehald og kvalitet. Gjennom dette studiet vil studenten få introduksjon til ulike prinsipp, teoriar og modellar for styring av kvalitets- og forbetringsprosessar.

Gjennom forelesingar og konkrete døme, vil studentane få innsyn i fundamentale skilnadar i Japanske og vestlege tenkemåtar og prinsipp i høve til leiing av kvalitet og effektivitet. Kvalitetsleiing er ofte knytt til Toyota og utviklingen av Totalkvalitetsledelse (TQM) eller LEAN production. I dag er LEAN production ei samlebetegning på ein filosofi for effektiv produksjon der det handlar om å bruke ressursane til organisasjonen i størst mogeleg grad på aktivitetar som skapar verdi for kunden.

Sjølv om LEAN filosofien vart utvikla som Toyota Production Management, og i første omgang relatert til industriell masseproduksjon, får LEAN filosofien stadig større anvending innan offentlege verksemderr, som til dømes helseproduksjon.

Bøker er ikkje inkludert i prisen.

Datakortet University of Cambridge IELTS Mesterbrev