Vaksenopplæring i statsbudsjettet for 2010

I framlegg til statsbudsjett for 2010 gjer regjeringa framlegg om å vidareføra tilskota til studieforbund og fjernundervisning på same nivå som i 2009. Også for Vaksenopplæringsforbundet vidarefører ein løyvinga på 2009-nivå.

Tilskotet til Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BK) vert vidareført med dei tilleggsløyvingane som kom i krisepakka i vinter og revidert budsjett i vårsesjonen. Det betyr at løyvinga er om lag dobla frå det budsjettet ein opprinneleg vedtok for 2009.

Heile budsjettproposisjonen frå Kunnskapsdepartementet kan du lesa her.